NCE Maritime CleanTech vant prestisjetung utmerking

Klynga for grøn skipsteknologi på Stord får den framste utmerkinga for velfungerande klyngesamarbeid, såkalla gullsertifisering, frå det europeiske klyngesamarbeidet.

Dette betyr at klynga som har hovudkontor på Heiane på Stord er plassert i den ypparste elitedivisjonen for denne type klyngesamarbied, skriv Stord24.

Gullstatusen heng høgt og løftar NCE Maritime CleanTech opp på eit krevjande internasjonalt nivå. Denne stadfestinga betyr også at klynga ligg fremst og representerer «beste-praksis». Det handlar om framifrå utvikling av framtidsretta berekraftige løysingar basert på den sterke maritime kompetansen me har som nasjon, seier Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge .

Dette er femte gong at eit norsk klyngemiljø får denne utmerkinga. Frå før har NCE Subsea i Bergen, NCE Node i Kristiansand og NCE Oslo Medtech fått tilsvarande utmerkingar. Utmerkinga er ein del av eit EU-initiert system for kvalitetsutvikling av næringsklynger. Ei omfattende evaluering frå dei europeiske klyngeekspertane førte altså til ei «gull-sertifisering» for selskapet.

Kåringa er gjort etter at representantar frå EU har vore på inspeksjon på Stord. Klynga har oppnådd gode resultat i målinga av 31 omfattande indikatorar, og er dermed verdig gullsertifiseringa. Urban Water Shuttle er eit av klyngeprosjekta som har fått størst merksemd.

Les også: Nå har de endelig fått penger til å bygge batterihurtigbåten

Me er sjølvsagt veldig stolte, og dette er ein sertifisering av klyngesamarbeidet vårt som dokumenterer at me leverer resultat, har gode innovasjonsprosjekt og jobbar på rett måte, seier dagleg leiar Hege Økland i Maritime CleanTech til Stord24.

Det er ein svært viktig milepæl for oss som klynge.

Kva vil dette ha å seie for den vidare satsinga? Du kan samanlikne det med ISO-sertifisering for bedrifter, altså eit kvalitetsstempel på oss som klyngemiljø, som eit EU-organ no har gjennomført. Det gir oss viktig draghjelp når me skal marknadsføre oss overfor andre miljø, og for verksemdene som skal ut i verda kan dei no vise at dei høyrer til eit ekspertmiljø.

Økland seier at utmerkinga ikkje kom heilt som noko sjokk, då dette er noko dei har jobba målretta mot i lang tid. Me har jo jobba hardt for å få dette, og det er jo alltid ein risiko for at ein ikkje når opp. Men me har fått ein del prisar dei siste åra, så me er kanskje litt bortskjemt med positiv merksemd.

Er dette litt slik som Michelin-stjerna er for restaurantbransjen, at ein må jobbe like hardt for å behalde den? Ja, dette er ei Michelin-stjerne for klynger! Det er ikkje slik du har gullsertifiseringa for evig og alltid. Me må gjennom ei ny sertifisering etter to år. Me må oppretthalde kvaliteten, så me har lagt lista høgt for oss sjølv. Så dette er også krevjande.

NCE Maritime CleanTech har no 65 medlemsverksemder frå Stavanger til Bergen, med hovudvekt i Sunnhordland. Berre i fjor vart 16 nye verksemder med i klyngesamarbeidet som har som føremål å utvikle energieffektive løysingar og miljøteknologi for maritim sektor. I Norge er det no 14 NCE-klynger, som står for Norwegian Centres of Expertese. Den første klynga vart starta i 2006, og er finansiert mellom anna av Innovasjon Norge, Siva og Forskingsrådet.

EnergiRike medlemsbedrifter

Telefon
(+47) 915 58 258

E-post
post@energirike.no

Adresse
c/o Haugaland Kraft
Postboks 2015
N-5504 Haugesund
Norway

Org.nr.
NO 990 630 372 MVA

EnergiRike logo

www.energirike.no